Hopp til innhold

Gaahl: - Eg veit at folk har snoka

I intervju med eit tysk musikkmagasin, snakkar Gorgoroth frontmnann Gaahl ut om sin homoseksualitet.

Gorgoroth

Gorgoroth er eit av Norge sine desidert største black metal-band.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

- Eg veit at folk har snoka i bakgrunnen min. Folk har observert meg på festivalar med menn og det er mange som har visst om dette, men som gjerne ikkje har sett på det som noko sak. Noko det heller ikkje er. Men "Rock Hard" var dei første som våga å spørre om det, seier fjalerbuen Kristian Eivind Espedal til NRK.

Ekskjærast fekk truslar

Espedal, mest kjend som vokalisten Gaahl i Gorgoroth, snakka tidlegare i år ut om forholdet til designaren Dan De Vero . I det tyske musikkbladet "Rock Hard" snakkar han ut om sin homoseksualitet . I etterkant hevdar ekskjærasten De Vero å ha fått truslar frå black metal-miljøet som følgje av oppslaget.

- Folk har banka på døra, og eg har fått truslar på telefon og mail. Det er ikkje noko gøy å få truslar av dei feile folka, seier han.

- Slengkommentar

Gaahl seier at han ikkje har fått noko negative tilbakemeldingar etter at han stadfesta sin seksualitet.

- Men eg reknar med at det er ein del skvalder. Dersom dei har kome, så trur eg ikkje at det er noko i dei. Det er nok berre slengkommentarar, trur Gaahl.

- Ikkje uroa

- Eg får støtteerklæringar heile tida, men det kan vere like irriterande som noko anna. Dette er ikkje noko sensasjon. Eg har ikkje kome ut av noko skap. Eg har aldri lagt skjul på dette, held satanrockaren fram. Han trur ikkje at nyhenda slår negativt ut for Gorgoroth.

- Eg er ikkje uroa over inntektskurva. Enkelte kan nok ha vanskar med å svelge det, men så kan det også vere at andre kjem til. I det store og heile, så trur eg ikkje dette vil påverke oss nemneverdig, trur han.

Er i studio

Bandet er no i studio der dei arbeider med sitt åttande album. Etter planen skal plata komme i mars.

- Vi reiser på europaturné 20. mars og er ikkje heime att før 20. desember. Vi arbeider no på spreng med å få plata ferdig slik at vi får den i butikkane i mars. Men det spørs, seier Gaahl.

- Arbeider med kjensle

Gaahl vonar at dei i alle høve høve får plata i butikkane til mai.

- Eg er i studio no og skal høyre gjennom musikken. Eg arbeider på kjensle og kjenner eg ikkje noko, så syng eg heller ikkje. Skal vi nå butikkane i mars, så må plata vere ferdigprodusert i januar, held Gaahl fram.