Nominert til årets kokebok

Ole Jonny Eikefjord si debutbok er nominert til Beste norske kokebok 2008.
Foto: Knut Falch/ScanpixOle Jonny Eikefjords kokebok, Gourmet for folket, er nominert til Beste norske kokebok 2008.
Publisert 06.11.2008 21:41.
- Kommentarer
- Skriv ut
Det er Apéritif og Norli som står bak kåringa. Av 31 påmelde kokebøker i konkurransen, plukka juryen ut fem finalistar. Mellom desse boka til sunnfjordingen, 'Gourmet for folket'.
- Det er sjølvsagt veldig hyggeleg, men det er mange sterke konkurrentar. Eg trur det blir vanskeleg å nå heilt opp, seier Eikefjord.
Ole Jonny Eikefjord
Foto: Falch, Knut/SCANPIX- Fødd 1970
- Starta kokkekarriera si på Sunnfjord hotell der han gjekk gradene frå lærling til kjøkkensjef.
- Vart kjøkkensjef på Hotel Continental i Oslo, der han vart "oppdaga" av Petter Stordalen. Saman starta dei Restaurant Eik.
- I kjølvatnet av Restaurant Eik, starta dei også opp Eik Annen Etage og fiskerestauranten Fjord.
- Alle restaurantar får strålande kritikkar.
- Kjelde: Det Norske Samlaget
Trur på Stiansen
Sjølv meiner Eikefjord at Bent Stiansen er ein sterk kandidat til å stikke av med prisen når den blir delt ut 14. november. Stiansen var den første skandinav til å vinne gull i det prestisjefylte Bocuse D'or. Meisterkokken har gjeve ut fleire bøker. Han er nominert for boka "Stiansen inviterer til fest".
- Fleire av finalistane er meir etablert på bokfronten enn meg. Boka til Stiansen er kanskje litt meir tradisjonell enn mi. I alle fall utsjånadmessig, seier Eikefjord.
Fekk pris i fjor
Debutboka til Eikefjord kom ut i 7.000 eksemplar og er snart utseld. Om det kjem fleire bokprosjekt frå sunnfjordingen, er uvisst.
- No skal ein aldri seie aldri, men det blir i alle høve ikkje noko ny bok neste år. Akkurat no er eg berre glad for å vere ferdig med den første, seier han. Om prisen hamnar i hendene til Eikefjord, så er det ikkje første gang det vankar pris til han. I fjor røysta publikum fram Restaurant Eik som den beste restauranten i 2006.
Siste: Sogn og Fjordane
- Rasar over frakttilegg på drivstoff
- Mange utan vatn - betring på gang
- Vil at Helse Førde skal skifte namn
- Bensinprisen mot rekordhøgder
- Åtvarar mot cruisebåtturistane
- Omstridd vikingsenter i Gudvangen
- Straffa med ekstrajobb etter uver
- Hjorten hang fast i gjerdet
- Snart tomt i vassmagasin
- Seks drepne på sju år i Lærdal
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
06/02 (30 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
06/02 (40 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
Rasar over frakttilegg på drivstoff - Mange utan vatn - betring på gang
- Vil at Helse Førde skal skifte namn
- Bensinprisen mot rekordhøgder
- Åtvarar mot cruisebåtturistane
- Omstridd vikingsenter i Gudvangen
- Straffa med ekstrajobb etter uver
- Hjorten hang fast i gjerdet
- Snart tomt i vassmagasin
- Seks drepne på sju år i Lærdal


















Melodi Grand Prix i Florø