Hopp til innhold

Hausta gulrot på 0,8 kilo

Sten Af Geijerstam i Lavik fekk hakeslepp då han hausta inn gulrøtene sine.

Tala på vekta viser dårleg, men gulrota vert vegd til 850 gram med bust.
Foto: Oddleif Løset / NRK

For midt i åkeren trekte han opp ei gigantisk gulrot.

- Eg såg at dette kunne vere ein gigant, så den gav eg klar beskjed om at eg ville ta sjølv, ler Af Geijerstam.

690 gram utan bust

Sten Af Geijerstam med gigantgulrot.

Gigantisk gulrot i åkeren til Sten Af Geijerstam i Lavik.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Og gulrota skuffa ikkje "hobbygrønsaksdyrkaren" i Lavik. Med bust måler den 850 gram. Også utan bust er vekta solid; 690 gram. Af Geijerstam seier at gulrota ikkje er av typen Nantes Dukes, men han hugsar ikkje kva type det er tale om.

- Men det er mykje mat i denne klubba. Og skulle det kome innbrotsjuvar, så skal den nok gjere susen då også, ler han.

Hamnar på middagsbordet

Af Geijerstam har aldri høyrt om liknande storleik på ei gulrot. Skjebnen til gulrota er allereie klar.

- No blir det middag med to meter med meterpølse, eit par poteter og ei gulrot. Eg er sikker på at eg vil finne rikeleg med poteter på halvkiloen i åkeren, ler han.

Potet på 1,2 kilo

Af Geijerstam er ikkje ukjend med store vekstar i hobbyåkeren sin. For to år sidan fekk han ei potet på 1261 gram. Det var av typen Kerrs Pink.

- Eg har også hatt ein del svære Halloween-gresskar. Den største på fem kilo. Ei av solsikkene vaks seg over to meter, legg han til. Sjølv forklarar han dei gode vekstkåra med "akkurat nok med naturgjødsel og kalk".

- Men eg er lite flink til å luke ugras.

Ingen verdsrekord

Om gulrota til Af Geijerstam er stor, så er den berre ein tiendel av verdsrekorden. I følgje nettsida til World Carrot Museum drog ein bonde i Alaska opp ei gulrot på heile 8,61 kilo for ti år sidan.

I følgje den same nettsida veg den største gulrota i Storbrittania 7,13 kilo.

Har du ei større gulrot? Eller kjenner du til andre gigantiske frukter/grønsaker? Tips oss .