Lam frå Svanøy i OL-sigeren

Då det norske kokkelandslaget gjekk til topps i OL brukte dei lammekjøt frå Svanøy i hovudretten.
Publisert 24.10.2008 12:19.
- Kommentarer
- Skriv ut
- Det var veldig kjekt at dei gjekk til topps, seier saueeigar Rannveig Solheim.
Terje Ness var mellommann
Ho har 40 vinterfora sau av rasen skotsk svartfjes, og det er eitt år sidan ho fekk bestilling på kjøt til det norske OL-landslaget.
- Saman med mannen min, Johan Trygve Solheim, driv eg Norsk Hjortesenter, og han kjenner mykje folk, mellom dei tidlegare kokkeverdsmeister Terje Ness. Han igjen kjenner lagleiaren for landslaget, Sven Erik Renaa.

Onsdag gjekk det norske laget heilt til topps i varmmat i kokke-OL med det offisielle namnet Culinary Olympics i Erfurt i Tyskland.
- Norsk lam er topp!
Lagleiaren for det norske kokkelandslaget seier at dei gjerne ville slå eit slag for norsk lammekjøt. Norsk lam er generelt av internasjonal verdsklasse, seier Sven Erik Renaa.
Han rosar kvaliteten på lammekjøtet frå Svanøy og fortel at 130 kokkar frå heile verda fekk smake på gullretten med sunnfjordsk kvalitetskjøt.
- Det er på tide at vi torer å vise verda kor gode råvarer vi har. New Zealand har gjort det, det er på tide at norsk sauenæring får eit løft, og dersom vi med denne sigeren kan bidra er vi veldig glade for det, seier Renaa.

Svært møyrt kjøt
Det var Terje Ness som rådde Renaa til å bruke kjøtet frå Svanøy, fordi det er svært møyrt. Kjøtet vart bestilt alt for eitt år sidan.
- Lamma vart slakta på Gilde i Førde, men vi var og henta skrottane med det same dei var slakta og tok dei utatt til Svanøy, for møyrninga ville vi gjere sjølve, seier Rannveig Solheim.

Utegangarsau
Sauene er såkalla utegangarsau, som går ute heile vinteren.
- Dei har opa dør og kan gå inn og ut som dei vil. Skotsk svartfjes er heilt ideelle til å pleie kulturlandskapet, det einaste dei ikkje et er påskeliljer, seier Rannveig Solheim.
Siste: Sogn og Fjordane
- Rektor politimelder politiet
- Ny stor Havyard-kontrakt
- Fylkesmannen avviser Berg-klage
- Han har bakt 1200 morsdagskaker
- June Andenæs mot historisk medalje
- No skal Gjøran representere Norge
- Mot tidenes cruisesesong
- I grøfta med fleire tonn sponplater
- Turistnæringa fryktar eurokrisa
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
- Rektor politimelder politiet
- Ny stor Havyard-kontrakt
- Fylkesmannen avviser Berg-klage
- Han har bakt 1200 morsdagskaker
- June Andenæs mot historisk medalje
- No skal Gjøran representere Norge
- Mot tidenes cruisesesong
- I grøfta med fleire tonn sponplater
- Turistnæringa fryktar eurokrisa
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF


















Melodi Grand Prix i Florø