21.03.2010

Kvinne tiltalt for SMS-terror

I løpet av ti månadar sende nordfjordkvinna i 40-åra over 1000 tekstmeldingar til sin tidlegare ektemann.

I midten av november må ho møte i retten, tiltalt for omsynslaus framferd.

- Det er både sjikane og meldingar med normalt innhald, men det er ikkje snakk om truslar. Det er mengda av meldingar som er hovudproblemet, seier politiadvokat veed Sogn og Fjordane politidistrikt, Sissel Kleiven, til VG.

Bombarderte mannen

I følgje tiltalen som no er teken ut mot kvinna, vart meldingane sende i ei slik mengde og hadde eit slikt innhald, at dei var plagsame og krenkande på mannens fred. Kvinna prøvde å reparere forholdet til mannen, medan nokre meldingar gjekk på daglegdagse ting i høve paret sine felles barn.

I tillegg til å ha bombardert mannen med SMS, er kvinna tiltalt for å ha ringt han fleire gonger og å ha kalla han med ukvemsord.

600 brot på kontaktforbod

Kvinna fekk først ei åtvaring, men det stogga ikkje henne. Det gjorde det heller ikkje betre at kvinna vart meld til politiet og i oktober i fjor fekk besøks- og kontaktforbod. Dei siste meldinga vart sende 14. september i år

Til saman har ho brote forbodet 600 gonger. Forsvararen til kvinna vil ikkje kommentere saka.

Kommentarsystemer er levert av Disqus. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.
Skirapport Sogn og Fjordane
Skisenter Ver Siste snøfall
Levert av Skiinfo.no
Breimsbygda 11/02 (15 cm)
Sogndal Hodlekve 17/03 (15 cm)
Jølster 18/03 (10 cm)
Harpefossen 17/03 (15 cm)
Sogn Skisenter 16/03 (20 cm)
Stryn 17/03 (40 cm)
Sunnfjord 16/03 (20 cm)
Nynorsk mediesenter
Lutt

Siste: Sogn og Fjordane

Biletgalleri frå Sogn og Fjordane