Hopp til innhold

Vil byggje katolsk kyrkje i Førde

Vil ha eit bygg som syner att i terrenget

Den katolske kirke i Trondheim

Slik ser den katolske kyrkja i Trondheim ut.

Foto: Hans H. Bjørstad

- Med arbeidsinnvandringa av katolikkar dei siste åra, særleg frå Polen og Litauen, har det høg prioritet for kyrkja å få eit katolsk senter i fylket. Førde peikar seg ut som den naturlege staden for dette, skriv kurialråd Ulrik Sverdrup.Thygeson i Oslo katolske bispedømme i eit brev til Førde kommune som avisa Firda refererer frå i dag.

Ikkje enkelt for muslimane

Oslo katolske bispedømme ser i følgje Firda føre seg ei 16-17 meter høg kyrkje med 200 sitjeplassar i den nye Hafstad bydel.

Førde islamske senter har lenge jobba med å få byggje ein minaret i Førde, noko kommunen ikkje har vore udelt positive til.

Les og: Mislikar moskedebatten

Oslo katolske bispedøme seg føre seg eit bygg som syner att i terrenget, og som må vere høgare enn den maksimale byggjehøgda på to atasjar det er lagt opp til reguleringsføresegnene, skriv Firda.