Hopp til innhold

Tiltalt for aktlaust drap

18 åringen som køyrde bilen der ei 16 år gamal kvinne i Stryn omkom, er tiltalt for aktlaust drap.

I følgje tiltalen skal føraren søndag 13. april ha køyrt i minst 131 km/t i 80-sona og mista kontrollen over bilen.

SJÅ TV-SAKA: Tiltalt for aktlaust drap

15 år gamle Camilla Myren omkom som følgje av skadene . To andre vart skadde i ulukka.

Etter ulukke krevde far til Camilla Myren, Inge Atle Myren, at råkøyrarar blir straffa hardare .

Aktlaust bildrap har ei strafferamme på inntil tre års fengsel. I tillegg til fengselsstraff vil påtalemakta leggje ned påstand om tap av førarkort i fire år. Saka er venta å kome opp over nyttår.

Les óg: Fartsmålar på ulukkesstrekning

Les óg: Bryr ikkje seg om dødsulukke

Les óg: Høg fart kan vere årsaka