Hopp til innhold

Kystvegen nærare

Fylkesrådmanen meiner Kystvegen Måløy-Florø må vere med i arbeidet med fylket sin transportplan 2010-2019.

Kystvegen

Næringslivet og andre lokale aktørar har greidd ut ein veg som skal knyte Måløy, Svelgen og Florø saman til ein bu- og arbeidsregion.

Prislapp 915 millionar

Vegen har fått ein prislapp på 915 millionar og må konkurrere med andre viktige vegar i fylket dei komande 10 åra. Difor må den komme inn i den fylkeskommunale transportplanen som er under arbeid. Den alt vedtekne Bremangersambandet bli ein del av Kystvegen, men dei komande 10 åra må vegen konkurrere om pengane med t.d. Dalsfjordbrua og Olden-Innvik.

Rådmannen stiller vilkår

Fylkesrådmanen er positiv til å ta Kystveg-planene med i arbeidet med transportplanen, men stille vilkår. Det må lagast betre trafikkprognosar som kan gje grunnlag for å vurdere bompengar.

Ekstramidlar frå staten?

Kystvegen er tenkt som eit spleiselag med fleire aktørar. I denne samanhengen må ein finne ut om staten kan komme inn med ekstrapengar i forma av ein næringsutviklinspakke, skriv fylkesrådmanen i si tilråding til politikarane.

Viktig steg

Alfred Bjørlo i Måløy Vekst seie tilrådinga frå fylkesrådmanen er eit viktig steg på vegen mot å få kystvegen realisert. Men Bjørlo innser at det enno er ein lang veg å gå.