Fem alpinanlegg med felles skipass

Harpefossen skisenter
Foto: Øystein Torheim/NRKDet blir felles skikort i fem alpinanlegg i Nordfjord og på Sunnmøre i vinter.
Publisert 17.10.2008 09:40.
- Kommentarer
- Skriv ut
Skikortet Alpepass gjer tilgang til Stryn skisenter og Harpefossen skisenter i Eid pluss tre anlegg på Sunnmøre.
- Vi er veldig stolte over at vi har fått til dette og vi har store forventningar, seier dagleg leiar Frode Briksdal ved Stryn skisenter.
Vende seg mot nord
Ordninga inneber at viss du kjøper skipass ein stad, så kan du bruke det på Harpefossen, i Stryn, på Stranda, Fjellsetra og i Stordal.
- Så gjer vi ei intern avrekning i etterkant, seier Briksdal.
Det har lenge vore arbeidd med å få til eit felles skikort for Sogn og Fjordane, men det lukkast ikkje å få dette klart til vintersesongen i år. Dermed vende Stryn og Harpefossen seg mot nabofylket i nord.
- Dette er eit nytt opplegg som var på tankestadiet i mange år på Møre-sida. Vi i Nordfjord spurde om å få vere med på dette fordi vi føler oss nært tilknytta dei anlegga.
- Vil gi oss ein peikepinn
Men sjølv om Alpepasset no er på plass i Nordfjord og Sunnmøre, blir ikkje tanken om eit felles skikort for Sogn og Fjordane skrinlagt.
- Det prosjektet held fram. Grunnen til at det ikkje kjem i sving frå komande vinter, var at vi vart oppmoda om å lage eit større og grundigare forprosjekt, seier dagleg leiar for Jølster Skisenter, Stig Tveit.
- Vil passet som har kome på plass bety noko for utviklinga av dykkar prosjekt?
- Nei, den prosessen går vidare sånn som den var tenkt. Det som skjer på Nordfjord og Sunnmøre tykkjer eg er interessant, og vil gi oss ein peikepinn på kor attraktive slike løysingar er.
Ser lyst på sesongen
Med felles skipass er håpet å dra fleire gjesta til skianlegga, og med Alpepasset i drift alt frå sesongstart, ser Frode Briksdal lyst på komande sesong.
- Vi ser veldig positivt på dette samarbeidet.
Siste: Sogn og Fjordane
- 3. plass til Haugsbø i ski-maraton
- Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
11/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
3. plass til Haugsbø i ski-maraton - Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten


















Brann i Vassbygdtunnelen