Hopp til innhold

TV-team i dødsulukke

To personar omkom laurdag føremiddag etter at ein bil hamna på taket ved fylkesgrensa mellom Oppland og Sogn og Fjordane.

Bilulykke ved Lom

Bilen hamna på taket i elva Leira i Lom.

Foto: Hans Erik Kjosbakken/Fjuken

Bilen som dei to sat i, hamna på taket i elva Leira i Lom. Politiet fekk melding om den alvorlege ulukka i 11-tida laurdag føremiddag.

- Bilen har køyrt av riksveg 55 og var på veg inn i fjellet mot Leirvassbu, får NRK opplyst ved Gudbrandsdal politistrikt. Riksveg 55 går frå Lom over Bøverdalen og vidare over fjellet til Sogndal.

Dei to personane, ein mann og ei kvinne, er begge nederlendarar og er tilknytt innspelinga av den nederlandsk-belgiske TV-serien 71 graden noord som starta i Skjåk førre søndag.

Fleire kjende personar frå Nederland og Belgia er med i serien. Nordisk film produserer serien og har saman med TVNorge rettane til serien.

Administrerande direktør i Nordisk film, Stein Roger Bull, seier til NRK Hedmark Oppland at heile produksjonsapparatet er sterkt prega av det som har skjedd . Ein av dei omkomne var programleiar.

Luftambulansen frå Førde vart kalla ut til staden. Ingen personar skal ha sett kva som har skjedd. Ein forbipasserande varsla om ulukka.

- Legemannskap dreiv gjenopplivingsforsøk nede ved elva i lang tid, seier journalist Hans Erik Kjosbakken i lokalavisa Fjuken, til NRK Hedmark og Oppland .