Hopp til innhold

Klagar til ministeren

Selje klagar det omstridde ortopedivedtaket til Helse Førde for helseminister Bjarne Håkon Hansen.

Gunn Helgesen, ordførar i Selje

Ordførar i Selje, Gunn Helgesen.

Foto: NRK

- Vi er usamde i vedtaket som er gjort med at akuttberedskapen skal flyttast frå Eid til Førde. Den akuttberedskapen som det her er snakk om er den innanfor ortopedi, dei som skal i nakose til operasjon, seier ordførar i Selje Gunn Helgesen til NRK Sogn og Fjordane.

Meir forutsigbart

Ho seier at dei er like misnøgde med sjølve prosessen som vedtaket som er gjort.

- Vi har hatt ein del møter med Helse Førde, og vi tek no saka vidare til ministeren. Vi meiner at vi etter ein lang prosess har fått ein plan for ortopediske teneser i Helse Førde, som vart vedteke i april 2007. Det vi skriv er at vi hadde ei forventing om at etter denne prosessen ville vi få ein kvardag med litt meir forutsigbarhet i forhold til endringar, seier ho.

- For vagt

- Det å kalle dette for ei justering er litt for vagt. Vi meiner dette er ei endring som krev ein prossess som det offentlege rom skal vite om, og som skal konsekvensutgreiast før den vert sett i verk, legg ho til.