Onsdag denne veka kom stryningen Eivind Nedreberg over skiltet som seier "Olden-Innvik, Norges verste veg" på ei av dørene på bussfabrikken Vesta i Stryn.
Noregs verste
- Eg har mine tankar om kvar det kjem frå, flirer Nedreberg som meiner at ein kanskje burde vurdere å få sett opp skiltet på den aktuelle strekninga.
Bakgrunnen for skiltet er nok Nettavisen si kåring i førre veke, der strekninga riksveg 60 mellom Olden og Innvik vart kåra til Noregs verste vegstrekning.
- Denne vegen er noko av det verste ein kan komme borti, det kan eg skrive under på, sa Morten Hagen, som brukar vegen mykje.
LES: