Hopp til innhold

- Eg er jublande glad

Fjalerordførar inviterer til fest etter at Dalsfjordbrua kom inn på statsbudsjettet.

Ordførar i Fjaler Arve Helle og leiar i aksjonskomiteen for dalsfjordbrua Rolf Kleiven.
Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

I framlegg til statsbudsjett er det sett av midlar til prosjektering og kjøp av grunn for Bremangersambandet og Dalsfjordsambandet .

Stort for heile regionen

Ordførar i Fjaler Arve Heller jubla då han las budsjettet tysdag føremiddag.

- Eg er jublande glad. Dette var akkurat det vi hadde håpa på. Det er kjempestort for heile regionen, seier han.

Feiring i kveld

Helle forventar byggjestart i 2009.

- Dette var heilt fantastisk og betyr at vi er i mål etter mange år med jobbing. Heile regionen fortener stor ros for å ha stått samla om prosjektet. Dette var ein kjempedag, seier Helle.

Han lovar feiring i kveld.

- Det blir nok ei form for feiring i kveld. Vi må få samle folk frå begge sider av fjorden, seier Helle.