Hopp til innhold

Definitivt slutt for Håvard

- Eg har ikkje tal på kor mange som har spurt om eg kan ta ein sesong til, seier Håvard Flo.

Håvard Flo
Foto: Arve Uglum / NRK

- Det er mange som spør, eg har ikkje tal på kor mange, men dei fleste har forstått at det er nok no, seier Håvard Flo.

Sju mål på sju kampar for Sogndal i haust har fått i gang at dei same spørsmåla spissen har levd med i fleire år no.

- Eg har jo ymta frampå om å gje meg i fleire år, men så har det gått greitt utover hausten utan at vi har henta inn nokon erstattar, og dermed har det vorte eitt år til, og så eitt til, også eitt til, seier Flo.

Erstattaren er klar

No er han 100 prosent bestemt for at når han går av bana etter siste seriekamp i år, så er det over. Blant dei viktigaste grunnane til det finn vi Espen Olsen og Tarjei Dale.

- Tarjei har mange av dei same styrkane som meg. Sterk, god i lufta og flink til å halde på ballen. No er det hans tur, seier Flo, og legg til at han og trenar Karl Oskar Emberland er samde om dette.

- Sjølv om eg kanskje kunne tynt eit par år til ut av kroppen vil det vere feil overfor dei som skal erstatte meg.

Viktig å gje seg på ein opptur

No satsar han i staden på å nye sin siste haust som aktiv fotballspelar og tykkjer det er kjekt at folk spør om han kan halde fram. Det hadde dei nok ikkje gjort om det hadde halde fram som i vår då ein småskadd og sjukdomsplaga Håvard Flo gjekk heile vårsesongen utan å skåre.

- Det er klart det hadde vore trist å avslutte slik. Det er viktig for me å gje meg medan eg framleis har noko å yte, seier han.

Ny jobb

Når sesongen er over tek han til i ei stilling i Sogndal sitt sportslege apparat, utan at han er heilt sikker på kva arbeidsoppgåvene blir enno. Noko løysing med å løyse spelarlisens for å kunne "trø til om det trengst" vil han ikkje høyre snakk om.

- Det blir berre kvasi-greier, og det er eg ikkje interessert i, seier han.