Hopp til innhold

Klimaplan med for lite kunnskap

Tysdag blir den store klima- og miljøplanen for Sogn og Fjordane lagd fram i Førde. Men tiltaka som blir presenterte er ikkje så konkrete som fylkesbyråkratane skulle ønskje.

Fellesfjøs i Åsedalen i Naustdal

Klimaplanen manglar svar på kva som nyttar innan landbruket. Illustrasjonsfoto.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Årsaka meiner dei er at det er for lite kunnskap om kva som eigentleg hjelper av klimatiltak, seier fungerande fylkesrådmann Bjørn Birger Bremer.

- Samferdsle er greitt

- Det er både og, på ein del felt har vi svært konkrete tiltak, t.d. innan samfersle og fylkeskommunal byggforvaltning, for der veit vi kva som verkar.

Usemje om landbruk

- Men innan landbruk er forskarane meir usamde om kva tiltak som verkar og om vi flytter problema til andre stader dersom vi set i verk tiltak. Våre fagfolk seier at innan visse fagområde treng vi meir kunnskap.

Uvisse om bioenergi

- Vi veit til dømes ikkje nok om bioenergi og biodrivstoff, om det er effektive klimatiltak. Tilpassing til klimaendringar er eit anna felt der vi ikkje veit nok.

Statssekretær Heidi Sørensen
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Sørensen og Oddekalv

Tysdag er det temadag for fylkesdelplanen for klima og miljø. Statssekretær Heidi Sørensen i Miljøverndepartementet og Kurt Oddekalv er mellom innleiarane som skal seie si meining om arbeidet. Den er no ute på høyring fram til nyttår.