- Sjåførane må bryte lova

Mange lastebilsjåførar er frustrerte over at køyre- og kviletidsreglar fastsette av EØS ikkje tek omsyn til norske køyreforhold.
Publisert 26.09.2008 16:58.
- Skriv ut
- Dette fører til at sjåførane må bryte norsk lov for å kunne gjere jobben sin, seier tidlegare fylkesleiar i Lastebileierforbundet og dagleg leiar for Thor Tenden Transport i Stryn, Rolf Olav Tenden.

Ferje om natta
Tenden nemner døme som kryssing av fjordar med ferje midt på natta, uventa vegstandard, og vinterstid på fjellovergangar, der sjåførane ikkje kan planlegge når dei skal kome seg heim att.
Landsomfattande kampanje
Statens Vegvesen køyrer denne veka ein landsomfattande kampanje for å kontrollere at lastebilsjåførar overheld køyre- og kviletidsreglementet. Reidun Tryggestad i vegvesenet fryktar at regelendringar kan gå ut over tryggleiken langs norske vegar.
- Skremmande
- Det er litt skremmande, for køyre- og kviletidsreglane er sette for å verne sjåførane og ikkje minst trafikktryggleiken. Når dei ikkje tek på alvor at det er til sjåførane sitt beste så er det skremmande.
Mange unge bryt reglane
I fjor synte kontrollar at kvar tredje sjåfør braut kvilereglane. At sjåførane sovna bak rattet er ifølgje Transportøkonomisk Institutt skuld i mellom 15 og 20 prosent av alle ulukker med vogntog. Heile 64 prosent av dei unge sjåførane bryt kvilereglane, medan betydeleg færre eldre sjåførar gjer det same. Tryggestad meiner dette kan kome av høgt arbeidspress.
- Mange er veldig pressa
- Enkelte gir uttrykk for at dei er veldig pressa. Desse gamle karane som har vore i næringa i mange år har fått eit litt meir avslappa forhold til dette, og føler at no er det eg som bestemmer, medan dei yngre gjerne vil gjere ein så god jobb som mogeleg.
- Regelverket er feil
Lastebilsjåfør Frank Erdal føler seg ikkje pressa av arbeidsgjevaren sin, og han meiner det er kviletidsreglane som er problemet.
- Regelverket er etter mine begrep heilt feil, så det er vanskeleg å overhalde reglane.
- Altfor firkanta
Rolf Olav Tenden meiner i tillegg at overgangen til digitale fartsskrivarar har gjort at små regelbrot kan bli straffa uforholdsmessig strengt.
- Berre du har ei omdreiing på hjulet så er det nok til at du bryt ei kviletid, og det er mogeleg å bøteleggje for det. Det er altfor firkanta.
Tenden seier at køyre- og kviletidsreglane ikkje har teke høgde for praktiske omsyn, og at det difor må lovendringar til.
- Urimeleg høge bøter
- Dersom du til dømes har parkert feil og ein kollega skal inntil rampen der du står for å losse, så blir det til at du flyttar bilen 50 meter og bryt lova. Det kan gje bøter på 3000 til 5000 kroner. Det er urimeleg høgt og sikkert sju-åtte gonger høgre enn om du vart bøtelagd i utlandet.
- Ikkje berre motorvegar i Europa
Anne Tinglestad Wøien i Samferdsledepartementet meiner transportbransjen ikkje kan klage på at køyre- og kvilereglane er tilpassa andre EØS-land.
- Det er mange fleire enn oss som har smale og svingete vegar, det er ikkje berre motorvegar i Europa heller.
- Det trengst meir informasjon
Tinglestad Wøien seier at kvilereglane har dei fleksible løysingane sjåførane etterlyser, men at desse krev nøye dokumentasjon. Ho vedgår likevel at myndigheitene ikkje har informert godt nok om korleis sjåførane skal tolke lovverket ved slike høve.
- Eg trur vi har ei veldig stor oppgåve med å få klargjort kva som er regelverket, og kva muligheiter vi har innanfor regelverket.
Siste: Sogn og Fjordane
- Bussen er vekk frå E39-rasteplass
- Utførte 21 lovbrot på ni månader
- Suste forbi politiet i 60-sone
- Giske spelte spel med aksjonistar
- Rift om farlege hus på billigsal
- Fekk 3000 kr i bot for kattedrap
- Gjermunstad ventar ved telefonen
- Vil slå saman kommunar med tvang
- Får 450.000 i erstatning
- Sporty politi utfordrar ordføraren
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
06/02 (40 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
- Bussen er vekk frå E39-rasteplass
- Utførte 21 lovbrot på ni månader
- Suste forbi politiet i 60-sone
- Giske spelte spel med aksjonistar
- Rift om farlege hus på billigsal
- Fekk 3000 kr i bot for kattedrap
- Gjermunstad ventar ved telefonen
- Vil slå saman kommunar med tvang
- Får 450.000 i erstatning
- Sporty politi utfordrar ordføraren

















Melodi Grand Prix i Florø