Hopp til innhold

- Elevar må få nekte å ta eksamen

Dagleg leiar i Norsk Målungdom, Janne Nygård, vil gje maktmiddel til nynorskelevane.

Eksamen

Illustrasjon

Foto: Keilen, Berit / SCANPIX

- Elevar som ikkje får lærebøker på nynorsk, må sleppe å gå opp til eksamen i nynorskfag, seier Nygård til avisa Firda.

- Må få konsekvensar

Nygård meiner at lærebokfadesen som gjentek seg år etter år, gjer at nynorskelevane stiller med eit dårlegare utgangspunkt til eksamen enn bokmålsbrukarane. Ho meiner fadesen må få konsekvensar for eksamenskrava.

- Det er fylket sitt ansvar å stille med læremiddel og sørgje for ei skikkeleg opplæring. Når elevane ikkje får ei opplæring som samsvarar med krava, så bør det heller ikkje vere krav til å avleggje eksamen, seier ho.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Svært opprørte foreldre

Ho understrekar at alle bør ta eksamen i alle fag, men skjønar dei som vel bokmålsforma framfor nynorsken i mangel på lærebøker.

- I påvente av nynorske bøker får elevane gjerne låne bokmålsbøker, eller dei blir leie av å vente og kjøper sjølve. Når dei skal opp til eksamen, manglar dei ordforråd og faguttrykk på nynorsk og går over til bokmål, seier ho. Også fleire foreldre som avisa har vore i kontakt med er svært opprørte over behandlinga av nynorskelevane.