Hopp til innhold

- Vegutbygging ikkje berre positivt

Den positive effekten av nye vegar i distrikta kan vere sterkt overdriven.

Riksveg 614 ved Indrehus i Bremanger

Effekten av å byggje veg i utkantane er ikkje nødvendigvis positiv, meiner forskar. Dette er riksveg 614 ved Indrehus i Bremanger

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det meiner økonom og forskar ved Norsk institutt for by og regionforsking, Steinar Johansen.

- Kan verke sentraliserande

- Når det blir bygd nye vegar vil ein marknad som før var skjerma møte auka konkurranse utanfrå. Sjølv om vegutbygginga gjer at dei får mindre kostnader til transport er eg svært usikker på om effekten totalt er positiv, seier Johansen.

- Er det slik at vegutbygging kan verke sentraliserande?

- Ja, det kan vi seie.

Alfred Bjørlo
Foto: Helge Mikalsen/VG / Scanpix

Motbør frå Måløy Vekst

Men konklusjonane til Johansen møter motbør frå Alfred Bjørlo i Måløy Vekst. Han ivrar mellom anna for ein skikkeleg sambindingsveg langs kysten i Sogn og Fjordane.

- Ikkje akkurat nærbutikk

- Eg fylgjer Johansen reint teoretisk dersom det er snakk om å byggje veg til små samfunn der det kanskje berre er ein nærbutikk. Men poenget er at det ikkje er den slags utbyggingar vi arbeider for. Her er det snakk om å byggje saman regionar der det er eit sterkt internasjonalt retta næringsliv.

- Hinsides dårleg vegstandard

- Mellom Florø og Måløy er det 60 kilometer, men reisetida langs vegen er to og ein halv time. Og skal Elkem legge ein solcellefabrikk til Svelgen er det eit krav at det blir gjort noko med den hinsides dårlege vegstandarden til industristaden.

- Må bli attraktiv

- I Måløy har vi mellom anna høgteknologibedrifter som treng arbeidskraft. Skal regionen vere attraktiv for framtidige arbeidstakarar må det gjerast noko på vegsektoren, seier Alfred Bjørlo i Måløy Vekst.