Hopp til innhold

Alvorleg skadd i utforkøyring

Fem ungdommar satt i bilen som køyrde utfor vegen på Moskog i natt.

Ei 18 år gammal kvinne vart alvorleg skadd i utforkøyringa på Moskog i Førde like før klokka to i natt. Ulukka skjedde ein kilometer frå Mo jordbruksskule i retning Jølster.

Laurdag ettermiddag får NRK Sogn og Fjordane opplyst at tilstanden for kvinna framleis er alvorleg men stabil. Kvinna har blitt operert ved Haukeland universitstssjukehus.

Alvorleg, men stabil

Kvinna vart først innlagt på intensivavdelinga ved Førde sentralsjukehus, men vart laurdag morgon sendt til Haukeland for å bli operert.

Ein 15 år gamal gut vart innlagt på vanleg sengepost med lettare skader.

Fem ungdomar i bilen

Det var fem personar i bilen som køyrde utfor vegen, dei var alle mellom 15 og 18 år.

Ein av personane sat fastklemd i bilen, og det var difor full utrykking med politi, ambulansehelikopter og brannvesen til staden.

Politiet har ikkje mistanke om promillekøyring.

- Politiet kan enno ikkje seie noko om årsaka til ulukka, opplyser operasjonsleiar Kjell Fonn.