Hopp til innhold

Underskriftsaksjon mot asylmottak

Frykt for eit nytt asylmottak skapar bølgjer i kystidyllen Kalvåg i Bremanger.

Kalvåg
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

UDI vurderer å plassere 90 asylantar i kommunen, størsteparten i Kalvåg. Og innbyggjarane fryktar at kommunen ikkje er i stand til å ta i mot asylsøkjarane og har laga underskriftsaksjon

- Skepsisen blir ofte snudd

Men generalsekretær Morten Tjessem i Norsk organisasjon for asylsøkjarar meiner innvandrarar kan finne seg godt til rette på ein liten stad.

- Erfaringa viser at det stort sett går greitt. Og i mange tilfelle har eg sett at lokalsamfunnet har protestert når mottaket blir lagt ned faktisk. At skepsisen har blitt snudd når ein ser at det går greitt.

Kalvåg i Bremanger er splitta i synet på planane om eit asylmottak i bygda. Fleire innbyggjarar meiner at kommunen ikkje har råd, og at asylantane ikkje vil finne seg til rette i den vesle bygda. Dei fryktar og det følgjer mykje kriminalitet med asylsøkjarar.

Må tenkje på kven dei plasserar kvar

Men Noas meiner innbyggjarane har lite å frykte, og at samfunnet kan få mykje att når dei tek mot asylsøkjarar. Tjessem rådar likevel UDI til at ein ser på kva personar som passar til å bu i eit lite lokalsamfunn.

- Erfaringar har vist at å samle mange unge einslige menn på eit mottak på ein liten stad ikkje er ideelt. Men barnefamiliar vil gjerne føretrekke å bu på ein liten stad fordi det følast tryggare.

Tjessem er klar over at mange kommunar har dårleg råd, og Terra-råka Bremanger er lut fattig, men han meiner også at hjelpebehovet til asylantane ofte er overdrive og påpeika at staten faktisk fylgjer opp med pengar.

- Det er ikkje slik at alle asylsøkarar treng psykolog, sjølv om ein kanskje kan få inntrykk av det.

- Kva kan eit lite samfunn få igjen ?

- Det gir nokre arbeidsplassar, og dei tilfører noko nytt i eit lokalsamfunn.

Terra-kommune

NRK har vore i kontakt med dei tre hovudmenna bak underskriftsaksjonen mot eit asylmottak i Kalvåg. Dei vil ikkje uttale seg. Det vil heller ikkje ei rekkje av dei som har skreve lesarinnlegg og stiller seg positive til asylmottaket.

Men dagleg leiar Svein Fosse ved Knutholmen meiner at Kalvåg er ein for dårleg utstyrt til å ta i mot så mange.

- Vi har hardt pressa legar med ventetid. Vi har ingen psykolog eller tannlegekontor. På grunn av Terra-saka vert det nedskjering av tilbodet, og eg er redd for at vi ikkje klarar å ta oss godt nok ut av dei som kjem, seier han.

- Vi er 250-300 menneske i bygda, og vi skal ta i mot 60 nye. Eg føler ikkje at det er rett at vi som bur her frå før skal gå ned i tilbod for å måtte spare inn Terra-millionane, seier han.

- Det er også litt feil at det er private som tek initiativ til å ta i mot asylantar. Hadde UDI sagt til oss at det er Kalvåg og Bremanger som er rette plassen, så er det sikkert rette plassen. Vi skal ikkje blande for mykje pengar i dette.

Høyr Svein Fosse og sokneprest Tore Myklebust om asylmottak i Bremanger.

- Dårleg rykte

Sokneprest Tore Myklebust i Bremanger meiner at Kalvåg må ta imot asylmottaket.

- Vi skuldar å ta imot dei som kjem til landet vårt. Og slik eg har forstått det skal dei bli spreidd litt meir rundt i kommunen. Sjå også Soknerådsleiar skjemd over motstand

- Kva tenkjer du om at det er så massiv motstand mot asylmottak i Kalvåg?

- Eg trur det har litt med korleis det er framstilt i avisa, og korleis asylantar har fått eit dårleg rykte på seg på grunn av nokre få saker.