Selskapet Lopex har levert inn anbod til Utlendingsdirektoratet om å
for 90 asylsøkjarar.Kraftige protestar hjå lokalbefolkninga toppa seg med ei underskriftsliste mot planane.
- Eg skjemst
Det reagerer soknerådsleiar Råket kraftig på.
- Det er mest slik at eg skjemst når eg les om dette. Dersom vi levde under uverdige forhold i krigsherja land, så ville også vi prøvd å kome oss vekk, seier ho og ikkje ser andre årsaker enn rasisme og framandfrykt.
- Ikkje rasisme
Lopex planlegg å busetje
i Kalvåg, Bremangerbygda og Davik. Andrew Leknessund, ein av initiativtakarane bak underskriftsaksjonen, avviser at motstanden til mottaket er motivert av rasisme og framandfrykt.- Det er at det skal integrerast og vi har ikkje arbeid til dei. Vi har ikkje ressursar i denne kommunen til å ta oss av vanskelegstilte som kjem i frå krigsherja kommunar, seier han.
- Ta imot dei
Sokneprest Tore Myklebust oppmodar innbyggjarane til å ta imot asylsøkjarane på best mogleg måte.
- Dei aller, aller fleste er heilt vanlege folk som trenger vår hjelp, omsorg og omtanke, seier han. UDI Region Vest skal innan utgangen av månaden avgjere om det blir asylmottak i Bremanger.