Ein vogntogsjåfør har meldt frå om at han såg to stasjonsvogner på veg sørover like ved ferjekaia på Kjelkenes på riksveg 614 i halv tre-tida om natta.
- Desse to bilane køyrde i følgje og begge hadde utanlandske skilt, seier lensmann Hans Rune Strandos.
Ein mørk og ein lys
Begge bilane var stasjonsvogner og er truleg frå midten av 90-tallet. Den eine er sølvgrå eller kvit, den andre var mørk. Vitnet trur at skilta hadde kvit botn og svarte bokstavar, kanskje med ein ramme rundt skiltet.
- Dette er på ei vegstrekning med lite trafikk om natta, difor reagerte vitnet på desse to bilane som tydeleg køyrde i følgje.
Ønskjer tips
Strandos seier at desse bilane truleg ikkje er heimehøyrande i hans distrikt.
Politiet er svært interesserte i tips frå publikum i denne saka.
- Eit godt forsprang
vart ikkje oppdaga før i 14-tida laurdag ettermiddag.
- Difor har tjuvane eit godt forsprang, og vi har varsla alle nærliggande politidistrikt om saka, seier Strandos.
Rommet der dei fleste datamaskinane stod på, er til vanleg overvaka. Men på grunn av omlegging av datasystemet,
.Ukjend kvinne ved rommet
For ein del dagar sidan skal ein av lærarane sett ei ukjend kvinne like ved rommet der alle laptopane er innelåste i skap.
- Læraren meldte frå til meg om dette, og dette er ei kvinne vi ikkje veit kven er, seier driftsleiar ved Svelgen skule, Kåre Myklebust.
Også Strandos har høyrt om denne episoden, men har enno ikkje snakka med læraren om dette.
- Den ukjende kvinna skal ha vore på eit lukka område ved skulen, seier han.