Hopp til innhold

Overvakingkamera var slått av

Politet står utan mistenkte etter at 75 laptopar vart stolne frå Svelgen skule natt til lørdag.

Svelgen skule

75 bærbare datamaskinar vart stolen natt til laurdag.

Foto: Arild Nybø

Omlag 70 av dei bærbare datamaskinane stod innelåst i tre skap på eit rom som vanlegvis er overvaka. Dei andre stod på arbeidsrommet til lærarane.

- Men på grunn av at Bremanger kommune har lagt om datasystemet, har kameraet vore kopla ut, seier driftsleiar Kåre Myklebust ved Svelgen skule.

Ingen bilete

Difor har ikkje politiet bilete frå overvakingskameraet. Lensmann Hans Rune Strandos seier at politiet har vore på staden i fleire timar i dag.

- Vi sjekkar no om vi har tekniske spor. Tjuven eller tjuvane har teke seg inn via eit vindauge på baksida. Skulen ligg litt for seg sjølv like før sentrum i Svelgen.

Avhengige av tips

Nesten alle laptopane til elevane og lærarane vart stolne, og ingenting anna er vekke. Strandos kan ikkje utelukke at innbrotstjuvane har visst kvar maskinane med ein verdi på over 600.000 kroner stod.

- No er vi avhengig av tips frå publikum, særleg viss nokon har sett noko mellom klokka tre og fire i natt. Då har vi observasjon på ein bil.

Held fram med taktisk etterforsking

Han ser ikkje bort frå at det kan vere ein samanheng mellom innbrotsraidet i Selje natt til fredag der det vart stole datamaskinar og pengar.

- Dette er noko av det vi skal sjekke. No held vi fram med den taktiske etterforskinga, seier han.