Hopp til innhold

Sjåføren legg seg flat

- Eg kan love deg eg fekk ei kraftig skrape då ho vart kjend med saka i går, seier Liv Signe Navarsete sin sjåfør, rådgjevar Dag H. Nestegard.

Liv Signe Navarsete og Dag H. Nestegard

Liv Signe Navarsete og Dag H. Nestegard.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Les og: - Kjørte i 110 km/t i 80-sone

- Eg forstår Nationen meiner eg har køyrt over fartsgrensa, og dersom er har gjort det så legg eg meg flat. Det er jo eg som sjåfør som har ansvaret for å passe på farten, seier Dag H. Nestegard, seniorrådgjevar i Samferdsledepartementet.

- Køyrde du over fartsgrensa?

- Det kan eg ha gjort og det må eg jo beklage for det skal jo ikkje skje.

Sleit med å halde følgje

Det var Nestegard som sat bak rattet då samferdsleminister Liv Signe Navarsete var på veg til vegopning i Lærdal onsdag. Like bak køyrde utsendingane til avisa Nationen, som hadde si fulle hyre med å halde følgje.

I dag legg Nestegard seg fullstendig flat, og gjer det han kan for å ta støyten for Navarsete - som under opninga i Lærdal heldt ein tale der nettopp betydninga av å halde fartsgrensene var eit viktig tema.

Ubehageleg sak

- Det er klart dette er ubehageleg for meg som byråkrat i samferdsledepartementet å få eit slikt oppslag i riksmedia. Det som er viktig for meg å få fram er at det er eg som sjåfør som har ansvaret. Eg tykkjer det ureieleg å gå på ministeren når ho sat ved sida av og snakka i mobiltelefonen og førebudde innlegget ho skulle halde. Ein må ikkje blande korta - det er sjåføren sitt ansvar og eg er syndaren, seier Nestegard.