Hopp til innhold

Direktoratet avviser skuldingar

Direktoratet for Naturforvaltning avviser dei sterke skuldingane frå Stortingspolitikarane på rovviltmøtet i Gaupne i går.

Janne Sollie, direktør Direktoratet for Naturforvaltning

Janne Sollie er direktør i Direktoratet for Naturforvaltning.

Foto: Jon Are Nilsen / NRK

Stortingsrepresentantane Erling Sande i Fylkesleksikonet (Sp) og Ingrid Heggø (Ap) kom måndag med krass kritikk av direktoratet si handsaming av rovvilt i Luster .

- For lettvint, Sande

Direktøren i direktoratet, Janne Sollie, seier at kritikken mot direktoratet er urettvis. Spesielt beit ho seg merke i at Sande sin påstand om at byråkratane tolkar politikarane sine vedtak ganske lauseleg. Sollie seier dei har veldig glare retningslinjer å halde seg til.

- Det er for lettvint å kome med slike uttalar. Når det kjem til rovdyrpolitikken, så er det nesten ingen andre område der det er så detaljregulert frå Stortinget si side og gjennom ulike direktiv frå landbruksministeren og miljøvernministeren, seier ho.

Misnøgde bønder

Rovdyra er blitt eit stort problem for bøndene i Indre Sogn. Etter ein del fram og attende, har dei fått beitenekt og må innan 3. september få henta ned sauene frå beitet. Erling Offerdal har over fleire år mista mange sauer . I år er tapet om lag 40 prosent av saueflokken sin på beitet.

Under møtet måndag kom også bøndene med sterke utspel mot DN og Statens Naturoppsyn. Saueeigarane fortvilar over store lammetap,og meiner at direktoratet var alt for seine med å gje fellingsløyve på jerv i år. Dette sjølv om regjeringa har sagt at det skal bli lettare å få fellingsløyve .

- Vi er nøgne

Bøndene hevdar at SNO sender feil opplysningar til direktoratet.

- Det ser vi alvorleg på. Vi ynskjer ikkje at nokon skal ha den oppfatninga. Vi er veldig nøgne med å kontrollere kva observasjonar av rovvilt vi får inn, seier Sollie.