Hopp til innhold

Mållaget går i strupen på Solhjell

Elevar og lærarar ved norske skular ventar framleis på nynorske lærebøker.

Jens Kihl og Hege Myklebust
Foto: Norsk Mållag

Kunnskapsministeren har bestilt ein rapport over omfanget . Denne skal vere klar i september, Men Noregs Mållag og målungdomen er rastlause.

Fleire forlag ikkje har planar om å trykke opp nynorskutgåver fordi dei ikkje får økonomisk tilskot.

Krev strakstiltak

I årets statsbudsjett var det sett av om lag 14,5 millionar kroner til å sikre paralellutgåver i mindre fag, men denne potten viser seg å ikkje strekke til.

Leiar i Noregs Mållag, Hege Myklebust, krev strakstiltak frå utdanningsminister Bård Vegar Solhjell .

Pressa over til bokmål

Bård Vegar Solhjell

Utdanningsminister Bård Vegar Solhjell er under hardt ver frå mållaget og målungdomen.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

- Dersom Solhjell ikkje syter for at bøkene kjem på nynorsk, pressar han i praksis mange elevar over til bokmål. Er dette ei utvikling statsråden ønskjer, spør leiar i Noregs Mållag, Hege Myklebust.

- For elevane og lærarane er det uhaldbart at dei ikkje får lærebøkene på nynorsk. For å unngå at dei må eit heilt utan skuleår utan nynorskbøker, må Kunnskapsdepartementet gå inn med ekstraløyving i haust, krev leiar Jens Kihl i Norsk Målungdom.

- Grav fram lommerusket

Myklebust og Kihl krev at naustedølen i ministerpost løyver ekstra pengar for å få på plass nynorskbøkene.

- Dette er det semje om i departementet og forlaga, og det burde vere ei smal sak for Solhjell å grave fram litt lommerusk for å sikre nynorskbøker til alle, seier dei.