Hopp til innhold

Får skyte hjort til jul

I år kan jegerar i 16 kommunar i Sogn og Fjordane jakte på hjorten heilt fram til veslejulaftan.

Hjortejakt

Illustrasjonsfoto

Foto: NRK

Berre ti kommunar vil halde fram med jakttidene som før. Ein hjort påkøyrd kvar dag er ei av årsakene.

- Føremålet er å auke uttaket av hjort for å redusere skadane og redusere tal påkøyrslar som etterkvart har blitt eit stort problem i store delar av fylket, seier fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal.

KVA TYKKJER DU OM UTVIDA JAKT? SEI DI MEINING NEDERST I SAKA.

- Historisk

Det er historisk stor hjortebestand i fylket og Norsk Institutt for Naturforskning har slått full alarm på vegne av den vestnorske hjortebestanden. Dei meiner det må ei halvering til av bestanden for å hindre økologisk samanbrot. Yndesdal meiner utvida jakt er rette vegen å gå.

- Den vart utvida frå 2006 til 2007 også. Då fekk vi ein auke i avskytinga på 13 prosent og rekordavskyting på vel 10.500 hjort, seier han.

Gjer meir skade

Yndesdal fortel at på trass av stor bestand, så er det lite sjukdomsproblem blant hjortestamma.

- Men den høge bestanden viser at vekta på dyr har gått noko ned. Hjorten er blitt mindre sky, går oftare på innmark og gjer skade der, og fører til veldig mykje påkøyrslar på vegane, seier han.

Jakt til 31. januar

Medan brorparten av jegerane i fylket kan jakte til veslejulaftan, kan jegerane på Kaupangerhalvøya feire både jul og nyttår i skogen. Når jakta startar 10. September, kan dei jakte til 31. januar 2009.

- Dette var eit spesielt ynskje frå Sogndal kommune og er heilt nytt av året. Det er spesielt med omsyn til mengda hjort og mange påkøyrslar, seier Yndesdal.

Her er jakttidene 2008/2009

Kommune

Jakttid

Flora

10.09 - 30.11

Gulen

10.09 - 30.11

Solund

10.09 - 30.11

Hyllestad

10.09 - 23.12

Høyanger

10.09 - 23.12

Vik

10.09 - 23.12

Balestrand

10.09 - 23.12

Leikanger

10.09 - 23.12

Sogndal

10.09 - 23.12

- Kaupangerhalvøya

10.09 - 31.01

Aurland

10.09 - 23.12

Lærdal

10.09 - 23.12

Årdal

10.09 - 23.12

Luster

10.09 - 23.12

Askvoll

10.09 - 23.12

Fjaler

10.09 - 23.12

Gaular

10.09 - 30.11

Jølster

10.09 - 15.12

Førde

10.09 - 30.11

Naustdal

10.09 - 23.12

Bremanger

10.09 - 23.12

Vågsøy

10.09 - 23.12

Selje

10.09 - 30.11

Eid

10.09 - 30.11

Hornindal

10.09 - 30.11

Gloppen

10.09 - 30.11

Stryn

10.09 - 30.11

Ekspander/minimer faktaboks