Hopp til innhold

Mitt sommarbilete

Vi har invitert deg til å sende inn dine beste sommarbilete. Beste bilete vert premiert med eit gåvekort på 2.500 kroner.

Vi har vore på jakt etter det gode motivet, anten biletet er teke på badestranda, i fjellet, på ferieturen eller heime i hagen. Vi jaktar rett og slett på gode og morosame motiv som fortel ei historie.

No er fristen for å sende inn sommarbilete ute, og juryen skal velje ut dei beste bileta. Kven dei tre vinnarane er, vil bli presentert på denne sida tysdag 5. september.

Vinnaren vil få eit gåvekort på 2.500 kroner frå ein fotobutikk. 2. og 3. plass vil og verte premierte.

Uttrekte bilete 

Eit tilfeldig utval bilete er lagt ut på nettsidene våre fortløpande utover sommaren. Kvar veke har vi vi trekt ut eit bilete som vart honorert med ein NRK-sekk med litt godt opp i.

Gråhegre
Foto: Svein Hjelmeset

  

Båt med blå last.
Foto: Rune Molvik, Skei
Fjærland
Foto: Eivind Hjellum

  

Sonde Kjærvik i ein brekulp ved Spørteggbreen i Jostedalen.
Foto: Norman Kjærvik

 

Påfugl på traktoren
Foto: Anne Viken

  

Bading i Sognefjorden
Foto: Hans-Marius Føleide

 

Jente møter due
Foto: Renate Njøtøy

  

Grotlesanden i Bremanger
Foto: Ronny-Tore Hauge