Hopp til innhold

Musea får bjørnefellen

Dragkampen om bjørneskinnet er over.

Bjørnen er skoten
Foto: Steinar Lote / NRK

Direktoratet for naturforvaltning har bestemt seg for at Kystmuseet i Sogn og Fjordane, De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, Nordfjord Folkemuseum og Sunnfjord museum samla skal få skinnet.

LES OGSÅ: - Nei Gud, fekk vi bjørneskinnet?

LES OGSÅ: Les alt om bjørnen i Sogn og Fjordane

- Det er ei god løysing, meiner ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll.

Vandreutstilling

NRK-humorist Ole Johannes Øvretveit kjøpte kjøtet etter ei bodrunde. Også bjørnefellen vart det kamp om. I tillegg søkte Sogndal kommune og Skei hotell om å få hand om bjørneskinnet. Bjørnen vart i juni i år felt i 1.200 meters høgde på Jostedalsbreen. Det var den første bjørnen på 100 år som var skoten i Fjærland og den første i fylket sidan 1956. No hamnar den altså hjå musea i fylket.

LES OGSÅ: Bjørnen felt av bananskal

- Musea ser føre seg å lage vandreutstilling med informasjon med bjørnen og forvaltning av denne art, lyd vedtaket frå Direktoratet for Naturforvaltning.

Ikkje skuffa

Ordførar Aarvoll i Sogndal er ikkje skuffa over at verken bremuseet eller Brevasshytta i Fjærland får hand om fellen.

SJÅ: Bjørnen felt av fire skot

- Nei på ingen måte. Bjørneskinnet er på mange måtar eit historisk dokument om det som skjedde og historia kring fellinga. Og sjølv om eg er rimeleg trygg på at både Brevasshytta og Bremuseet ville ivareteke det på ein god måte, så er eg trygg på at musea vil formidle bodskapen om det som skjedde på ein god måte, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.