Hopp til innhold

Mattilsynet snur om rovdyr i Sogn

Mattilsynet ber Direktoratet for naturforvaltning om å bistå sauebøndene i kampen mot rovdyra.

Jerv

Illustrasjon

Foto: Asgeir Kvalvik / Scanpix

Det skjer vel to månadar etter at dei ikkje meinte at det var nok rovdyr i Indre Sogn til å innføre beitenekt.

Ber om hjelp

På denne tida er over 100 sauer tekne av jerv berre i Offerdalen.

- Etter ein sesong der sauetapa har vore så pass store, ynskjer vi å be direktoratet om å hjelpe bøndene til å ta ut skadedyra det dreier seg om, seier regiondirektør Roald Vaage i Mattilsynet.

Ikkje overraska

Saueeigarane er ikkje overraska over at sauetapa i løpet av to og ein halv månad har passert 100 dyr. Erling Offerdal i Årdal meiner direktoratet og Mattilsynet har gjort slett jobb i kampen mot rovdyra. Bøndene fryktar at jervebestanden er aukande.

- Eg var oppe i områda og spora så pass mykje jerv at det ikkje var vanskeleg å sjå at det ville bli mykje tap i sommar, seier Offerdal.

Må få jakte

Beitenekt og tidleg nedsanking er andre tiltak som kan bli vurdert. Offerdal er ikkje positiv til det og meiner jakt er det beste tiltaket.

- Eg meiner vi har gjort veldig mykje allereie som vi ikkje er pålagt for å avgrense tapa. Det er ikkje så mykje meir å gjere enn det vi allereie har gjort, meiner han.