Hopp til innhold

Oliver Twist på teateret

Stykket om fattigguten Oliver Twist er hovudsatsinga ved Sogn og Fjordan teater i haust.

Oliver Twist

Her ser vi frå ei tidlegare teateroppsetning med Oliver Twist

Foto: Kristin Rivrud / NRK

Sogn og Fjordane Teater lanserte i dag haustsatsinga, og på toppen finn vi klassikaren Oliver Twist.

Kvifor lanserer de Oliver Twist på topp, informasjonssjef Laila Øvreseth ved Sogn og Fjordane Teater?

-Oliver Twist er ein av mange klassikarar som vi satsar på i år og som vann publikumsavrøystinga mot Jungelboka som årets store familieførestilling. Oliver Twist er ein klassikar som vi trur vil slå an hos publikum.

Samarbeidsprosjekt

-Kva anna blir det å sjå?

-Den 14. november blir det primiere på to samarbeidsprosjekt mellom Sogn og Fjordane Teater, Hordaland Teater og Den Nasjonale Scene i Bergen. Stykka heiter "Simons Historie" av Stig Amdam og "Kulde" av Lars Norden. Dette er to sterke oppsetjingar som vi skal spele for 10. klasse og elevar i den vidaregåande skulen i 2009, seier ho.