26.05.2012

Laksedød i Solund

Oppdrettsanlegg (Foto: Lunde, Bjørn Erik Rygg/VG)

Virussjukdom har teke knekken på fleire tonn laks.

Bolstad Fjordbruk sin lokalitet i Krakhellesundet i Solund har vore plaga av viruset PD (pancreas diseas) i sommar. Mattilsynet har difor bandlagt anlegget.

Fleire tonn

- Vi har mista nokre tonn med laks, det er trist, seier dagleg leiar Endre Haugland i Bolstad Fjordbruk.

Pancreas disease er eit virus som råkar fisken sin bukspyttkjertel. No er laksen vaksinert, og Haugland meiner dei har kontroll på situasjonen.

Har kontroll

- Enkelte fisk, som ikkje fekk vaksine tidleg nok, kan framleis bli råka. Men, dette er ein sjukdom vi kjenner godt og vi har bra kontroll no.

Bolstad Fjordbruk reknar med at dei har mista så mykje som 10 prosent av fisken som var i oppdrettsmerane i Solund, noko som utgjer verdiar for fleire hundre tusen kroner.