Bronse i spyd til Florø
Trond Ove Hopen tok bronse for Florø T og IF i jr22 spyd under NM i friidrett i Stavanger søndag.
Publisert 10.08.2008 13:07.
- Skriv ut
Beste kastet hans var på 49,36 meter - i overkant av fire meter bak vinnarkastet.
Eikefjordingen er misnøgd med resultatet.
- På treninga kasta eg over 52 meter, så eg hadde rekna med å kome over 50 meter, seier han.
Det regna og det var mykje motvind i Stavanger i dag, og Hopen gir vêret skulda for at han ikkje kaste lenger.
Den personlege rekorden til Hopen er 50,49.
Sisteplass til Kleppe
Klubbkameraten Steinar Kleppe kom på sisteplass av dei fem som konkurrerte, med eit kast på 35,99. Laurdag gjorde Kleppe det betre då han tok gull i slegge. Sjå Gull i slegge til Florø

















Sol og sommar i fylket