Hopp til innhold

Avviser kritikken av etterforskinga

Påtaleansvarleg Ronny Iden avviser at politiet brukar altfor store ressursar på etterforsking av jervedrapet i Oppstryn.

Jerv i Oppstryn
Foto: Ingolv Folven

- Når me fyrst set i gang ein etterforsking, så må han halde ein viss kvalitet, seier Iden.

Han kan ikkje forstå at bøndene kjenner seg mistenkeleggjort.

- Eg kan skjøna at den dette gjeld synst det er ubehageleg, men ikkje kvifor bøndene bryr seg, seier han.

- Feil ressursbruk

Etter at ein jerv vart skoten i Stryn sist veke har politiet gjennomført rekonstruksjon, medan Veterinærinstituttet i Trondheim har obdusert jerven for å finne ut om han vart skoten i naudverje.

- Det er ei mistenkeleggjering av bøndene når politietterforskinga av ein skoten jerv minnar om ei drapssak, meiner saueeigar og styremedlem i Norsk Sau og Geit, Erling Offerdal.

Sjå Sender jerv til obduksjon

- Bak mål

Ressursbruken er heilt bak mål, meiner Offerdal

- Det er ikkje noko drap på eit menneske dette her. Vi må bruke litt sunn fornuft av og til.

Sauebønder fleire stader i fylket er sjokkerte over ressursbruken i samband med politietterforskinga av jerven som vart skoten i Stryn sist veke.

- I staden for å bruke store ressursar på etterforsking, burde dei ha flytta ressursane over til førebyggjande tiltak.

Det seier leiar i Skjolden sankelag Arne Øvreås.

- Sjeldan hending

Politiet har sett i verk ein omstendeleg prosess med rekonstruksjon av hendinga og send jerven til obduksjon for å verkeleg finne ut om han vart skoten i naudverje slik bonden hevdar.
Sjå - Skaut jerv i naudverje

Lensmann i Gol og Hemsedal - Inger Lill Lanes.

Lensmann i Stryn Inger Lill Lanes

Foto: Vegar Erstad / NRK

Jerven er freda og det er ikkje lov å skyte han utan særskild fellingsløyve. Difor prioriterer politiet dette arbeidet seier lensmann i Stryn, Inger Lill Lanes

- Det er ganske sjeldan at totalt freda rovdyr blir skoten. Og derfor vil vi gjere dette grundig når det først skjer.

- Held oss innanfor lova

Også sauebøndene meiner det må ei etterforsking til. Men sidan det var sendt søknad om fellingsløyve på jerven, meiner dei ei slik omfattande etterforsking er med på å mistenkeleggjere bøndene.

- Vi legg heile tida vinn på å halde oss innanfor lova. Difor blir vi ekstra skuffa når vi blir møtte med så stor misstillit, seier sankeleiaren i Skjolden.

Men leiar i Sogn og Fjordane Småbrukarlag, Ingolf Folven, er ikkje samd i dette.

- Politiet får gjere ei vurdering av kva som er naudsynt. Samstundes kan det vere greitt at det vert gjort eit grundig arbeid med dokumentasjon, for då slepp ein spekulasjonar i etterkant, seier han.