Hopp til innhold

Sender jerv til obduksjon

Etterforskinga etter at ein jerv vart skoten i Oppstryn førre veke, er i full gang. For å klargjere det som har skjedd, må det til både rekonstruksjon av hendinga, og obduksjon av jerven.

Jerv i Oppstryn
Foto: Ingolv Folven

Lensmann Inger Lill Lanes i Stryn seier at dei førebelse undersøkingane støttar forklaringa om at jerven vart skoten i naudverje.
Sjå - Skaut jerv i naudverje

Likevel er det ein omstendeleg prosess før det heile blir klart. For jerven er i utganspunktet freda og ikkje lov å skyte utan særskild fellingsløyve.

Etter at Johan Berge hadde felt jerven var han likevel ikkje redd for å bli bøtelagt for ulovleg skyting, fordi han hevda å ha skote jerven i naudverje.

No er politiet midt i etterforskinga:

- Vi har gjennomført åstadundersøking, og rekonstruksjon på staden med dei som var til stades då jerven vart felt.

Omstendeleg prosess

Lensmann i Gol og Hemsedal - Inger Lill Lanes.

Lensmann i Stryn, Inger Lill Lanes.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Så langt i etterforskinga er det ingenting som tyder på at jerven ikkje er skoten i naudverje. Men for å vere heilt sikker er jerven send til Trondheim veterinærinstitutt.

Dei skal obdusere jerven, for å undersøkje at ting har skjedd slik Berge seier.

Lensmann Lanes innrømmer at prosessen er omstendeleg.

- Det er ganske sjeldan at totalt freda rovdyr er skoten, og det er årsaka til at vi vil gjere dette grundig når det først skjer.