Hopp til innhold

- Ein feil kan bli din siste

17 år gamle Jano Bauer frå Tyskland, var ein av to som vart utsett for eksplosjonen i Sogndal i går.

Jano Bauer

Jano Bauer

Foto: Arne Stubhaug/NRK

Jano Bauer

Jano Bauer fekk seg ein skikkeleg trøkk.

Foto: Arne Stubhaug/NRK

- Det var ein tøff dag eg aldri kjem til å gløyme. Dette var ikkje nokon god oppleving, seier han.

- Skulle fylle raudsprit

Eksplosjonsulukka skjedde då han skulle lage til røykaren som dei skulle bruke til å røyke fisk. Denne kan minne om ein eingongsgrill, der det er to rom under. I det eine rommet er det flammar, medan det andre rommet skal innehalde raudsprit.

LES OGSÅ: Eksplosjonsulukke i Sogndal

- Det var tomt for raudsprit, så vi skulle fylle på. Då vi hadde fylt på ei halv flaske sa eg at dette er farleg. Så plutseleg eksploderte det, seier han.

Frykteleg syn

- Alt gjekk så raskt at eg ikkje skjønte kva som hadde skjedd med ein gong, seier han.

Det var eit frykteleg syn som møtte foreldra Wilhelm og Christiane. Dei kom raskt til og fekk rive av dei brennande kleda før dei kontakta ambulanse.

- Alt gjekk så raskt, og sjukehuspersonellet her har vore heilt fantastisk. Mykje betre enn heime i Tyskland, skryt han.

- Ver forsiktig

Neste gong vil han vere obs på at raudsprit kan vere veldig farleg.

- Ver forsiktig. Ein feil kan bli din siste. Eg var heldig, seier han.

- Men det var vår eigen feil. Vi var ikkje forsiktige nok, legg han til.

Ein annan mann som var i same rommet vart frakta til Haukeland Universitetssjukehus. Det er enno uklart kor alvorlege skader han har pådrege seg.

Kjem tilbake

Jano og foreldra kjem ifrå Zeven i Tyskland, mellom Hamburg og Bremen. Dei var på ferie i Sogndal, og plar vere i Noreg kvart einaste år på sommarferie.

- Vi kjem tilbake. Dette skremde ikkje oss, seier han.

To episodar

Omtrent på same tid vart ein annan mann frakta til Haukeland Universitetssjukehus med brannskader. Mannen hadde sett seg lei av myggen, og tende på raudsprit som han hadde i ein kopp. Raudspriten eksploderte, og brannen spreidde seg raskt til ansiktet.

LES OGSÅ: Skulle ta mygg med raudsprit