Hopp til innhold

Treige turistar trafikkfarlege

- Turistar i sommarmodus skapar farlege situasjonar i trafikken.

Farleg forbikøyring
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Det seier Arvid Flæte som er fungerande distriktsleiar i Utrykkingspolitiet.

LES OGSÅ: Difor ser bilistane raudt

Han fortel at turistar som har god tid og vil nyte utsikta, skapar kø - som igjen kan skape irritasjon og farlege forbikøyringar.

- Ver merksam

Flæte seier at alle i trafikken kan gjere sitt for å gjere det tryggare.

- Dei som køyrer sakte må vere merksame og køyre ut og sleppe forbi trafikken. Og dei som køyrer forbi må besinne seg og finne plassar som er eigna, seier han

- Den som blir køyrd forbi kan og bidra ved å senke farten. Generelt kan vi sei at for kvar 10 km/t i forskjell i farten på dei som køyrer forbi og dei som blir køyrt forbi, halverer forbikøyringsstrekninga.

Ikkje mykje å spare

UP-sjefen legg til at som regel er det ikkje så mykje tid å spare på å køyre forbi.

- Mange har erfart at når dei kjem fram til t.d ei ferjekai, ser ein at bilane ein køyrde forbi for lenge sidan, ikkje kjem fram så lenge etter.

Farleg forbikøyring
Foto: Cosmin Cosma / NRK