Hopp til innhold

Slår alarm om språket

Ungdomen skriv dårlegare og dårlegare norsk. Det meiner sensor og norsklærar ved Flora vidaregåande skule, Bjørg Jansen Mikalsen.

Klasserom

Illustrasjon

Foto: Åserud, Lise, Lise Åserud / SCANPIX

- Å seie at nivået er dårleg, er å vere forsiktig. Elevane slit med orddelingsfeil, rettskriving, og mange forstår ikkje ord og uttrykk som held seg innanfor allmennkunnskapen sine grenser, seier ho til avisa Firda.

Eit døme ho har er den gongen ho fekk servert uttrykket ”Skjere alle under same teppe”, som er ein miks mellom ”Feie noko under teppet” og ”Skjere alle over éin kam”.

Merka nedgangen

Ho har vore norsklærar i fleire år, og ho har merka nedgangen i språkkompetansen godt.

- Det er viktig å understreke at dette ikkje gjeld alle, men svært mange slit med dramatiske feil. Det er nesten som eg av og til lurar på om dei er framandspråklege, seier ho.

Men Ove Eide, som er norsklektor og sit i utvalet for utvikling av norskfaget, er usamd. Han meiner språkkunnskapane ikkje har endra seg mykje dei siste åra. Les - Norskkunnskapen er jamn

Mobiltelefon
Foto: Konterud, Roy / SCANPIX

Skuldar på "chattespråket"

Mikalsen meiner at ”chattespråket” på SMS og Internett må ta ein del av skulda. Og ordelingsfeila kan vere ein smitteeffekt frå engelsk, der dei deler ord som i daglegtalen heng saman.

Sjå og: Kan du SMS-språket ?

- Dessutan kan ein lure på om folk les mindre no enn før, og såleis er mindre vande med språket. Kanskje held dei seg til bildemedia, og vert ikkje tilstrekkeleg utfordra og stimulerte, seier ho til avisa.

- Lettvint å skulde på elevane

- Heile samfunnet slurvar med språket.

Det seier avgangselev ved Hafstad vidaregåande skule, Guro Bergset. Av og til les ho reklameaviser for å more seg med håplause formuleringar og rettskriving.

- Eg såg eit døme frå ein elektronikkforretning. Der delte dei opp ordet kassalisteoppgjør til kassa-liste-opp-gjør.

Ho meiner det er for lettvint å skulde på elevane. 18-åringen seier til avisa at mange i hennar kull er opptekne av rett og godt språk.

Bergset meiner at også mange lærarar ofte bommar på ordtak og slit med orddeling.

- Korleis kan vi skrive rett, når lærarane ikkje klarar det ?

Massemedia

Ho legg og ein del av skulda på massemedia, og syns det er mykje feil i avisene og på TV.

- Skal ungdomen bli betre, må lærarane starte med å skrive rett. Det same gjeld aviser, TV og butikkar.