Hopp til innhold

Lagar omkøyringsveg til Skjerdal

- Med dei rette maskinene skal me få til ein omkøyringsveg slik at folket i Skjerdal får kontakt med omverda att i løpet av nokre dagar, fortel Olav Ellingsen, ordførar i Aurland.

Uvêr i Aurland

Regnet grov ut fleire vegar i Aurland under det kraftige regn- og torevêret i går kveld.

Foto: Frida Haugsevje Vangen

Det kraftige regn- og torevêret sundag førte til at fleire vegar i Aurlandsområdet vart stengde. Framleis er omlag 50 personar utan veg.

Vil ta tid

Vegen mellom Aurland og Skjerdal vart greve ut av regnet, og geolog Svein Helge Frækaland sa tidlegare i dag at han trur det kan ta veker før vegen vert opna igjen.

- Det såg veldig reinska ut, og det vert komplisert å få opp att fundamentet for ny vegfylling og bru der igjen, fortel han.

Mellombels veg

Etter å ha vore på staden ser ordførar Ellingsen at det vil ta lang tid å få opp att vegen, men han trur dei skal få til ein mellombels veg i løpet av kort tid.

Ordførar Olav Ellingsen i Aurland

Ordførar i Aurland, Olav Ellingsen.

Foto: Kjell Arvid Stølen

- Det skulle vere mogeleg å få til eit fundament for ein omkøyringsveg. Me kan gjere mykje på ein dag eller to dagar dersom me får tak i dei rette maskinene, seier han.

Opprydningsarbeid i gang

Ellingsen fortel òg at dei er godt i gang med å rydde vegen mellom Gudvangen og Bakka. Han trur det meste vil vere gjort der i løpet av morgondagen.