Hopp til innhold

Florø gror att

Og det skapar trafikkfarlege situasjonar.

Florø
Foto: Ottar Starheim / NRK

– Hekker, busker og tre henger slik at folk syklar ut i gata fordi dei ikkje kjem forbi plantene. Dette skapar farlege trafikksituasjonar både for mjuke trafikantar og bilførarar, seier Willy Stenbakk i Flora kommune.

Spele på lag

Kommunen ynskjer no å spele på lag med innbyggjarane, og oppmodar dei om å klippe ned buskene.

Dersom folk ikkje fylgjer oppmodinga, vil kommunen gå hardare til verks.

– Vi har både nabolova og veglova som kan nyttast dersom oppmodinga ikkje hjelper. Då vil vi oppsøke kvar enkelt som har ein trafikkfarleg hekk, og be dei fjerne den, seier Stenbakk.

Ikkje nødvendig

Men Stenbakk trur ikkje dette blir nødvendig.

– Eg trur innbyggjarane i kommunen oppfattar dette bra. Vi har fått fleire telefonar frå folk som seier dette er eit flott initiativ for å få folk til å forstå at dette problemet må gjerast noko med, seier han.

Dialog

Kari Solheimslid, avdelingsingeniør ved Statens Vegvesen, støttar Stenbakk.

Ho meiner at ein skapar det beste resultatet gjennom dialog med innbyggjarane.

– Alle lyt gjere ein innsats for å få god sikt på vegen, seier ho.

Prosedyrar

Statens Vegvesen har klare prosedyrar for korleis ein skal få god sikt i trafikken, men er óg avhengig av hjelp.

– Dette er ei utfordring vi har i Vegvesenet, så eg tykkjer det er kjempeflott at kommunen tek opp og har fokus på dette temaet, seier Solheimslid.