Hopp til innhold

På grunn - mistanke om promille

To menn i 30-40-årsalderen er mistenkte for å ha køyrt båt med promille etter at dei grunnstøytte i Solund søndag.

Det var Kystradioen som fekk melding kl. 12:04 om at dei to hadde køyrt på land.

Fleire helikopter og båtar

Men dei to om bord hadde vanskeleg for å gjere skikkeleg greie for kvar dei var, så både luftambulanse frå Førde, redningshelikopter frå plattforma Oseberg og fleire båtar vart sette inn i leitinga etter båten.

Dei to om bord trudde nemleg først at dei var ved Lammetun i Vilnesfjorden i Fjaler, men det viste seg at dei hadde grunnstøytt ved øya Ospa som er 12-13 kilometer unna.

- Vi trudde også ei stund at dei to om bord var skadde, difor var det sett igang ein stor aksjon, seier assisterande redningsleiar Bjørn Magnussen ved Hovudredningssentralen.

Uskadde

Om lag ein time etter naudmeldinga kom, vart båten deira lokalisert. Supplybåten "Edda Fauna" som var i området sette ut redningsbåten, og kom seg inn i skjærgården med den.

- Dei to om bord vart tekne med, og begge skal vere uskadde, seier Magnussen.

Ein av dei andre båtane i området klarte å få laus den grunnstøytte båten.

Tekne med for blodprøvetaking

Begge dei to mennene vart tekne med for blodprøvetaking.

- Vi veit enno ikkje kven som køyrde båten, difor blir det teke blodprøve av begge to, seier operasjonsleiaren ved Hordaland politidistrikt.