Hopp til innhold

Bjørnen full av feitt

- Eg vart overraska over at det var så mykje feitt, seier Ole Johannes Øvretveit.

For litt over ei veke sidan la NRK-humoristen ut over 50.000 kroner for bjørnekjøtet, etter bjørnen som vart skoten i Fjærland.

- Mykje bein

- Eg skal bruka det til eit bryggekurs eg skal halda til hausten. Så kan dei som drikk øl, få bjørnekjøt attåt. Det må jo vera eit ordentleg mannemåltit, sa Øvretveit då han henta kjøtet.

LES OGSÅ: Her hentar han bjørnekjøtet

I ettertid vedgår han at det var mindre kjøt i skrotten enn han hadde trudd.

- Det er mykje bein, men det visste eg om. Men eg må seie at eg vart overraska over at det var så mykje feitt på skrotten. Den hadde eit fem centimeter tjukt spekklag over heile ryggen, seier han.

1000 kroner kiloen

Skrotten vog 90 kilo, men Øvretveit vedgår at kiloprisen vert litt høgare enn han hadde tenkt.

LES OGSÅ: NRK-humorist kjøpte bjørnekjøtet

- Det vil nok komme over 1000 krone kiloen når kjøtet er reinskåre, seier han.

- Kjempenøgd

Men sjølv om kjøtet vart dyrt, smakte det i alle fall godt.

- Det smaka midt i mellom storfekjøt og hjortekjøt. Men så var det ein nøtteaktig smak i tillegg, same smaken som ein av og til får på fine spekeskinker. Eg kjenner at det var litt ekslusivt, ler han.

- Eg er kjempenøgd, smiler han.