Hopp til innhold

- Vi har for mange festivalar

Det vert arrangert for mange musikkfestivalar i Sogn og Fjordane, meiner festival-kjennarar.

Glopperock sleit med få besøkjande i helga, trass kjende artistnamn på plakaten. Og denne festivalen er ikkje den einaste som slit med å få nok publikum.

Nær eit metningspunkt

Musikk-entusiast Atle Hamar trur festival-markenaden nærmer seg eit metningspunkt.

Atle Hamar på Glopperock

Atle Hamar på Glopperock

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

- Alle festivalar og kulturarrangement er pressa inn mellon juni og utgangen av august. Då er det mykje som skal skje i eit fylke der det berre bur 107.000 menneske. Glopperock hadde ei rekkje med artistar som ville vore ein topp-plakat på andre festivlar.

- Men kor er alle folkan?

Madrugada var mellom artistane som opptrådde å Glopperock i helga, for få publikummere. Det skal ha ført til at solist Sivert Høyem sa frå scenekanten: "Her får dokker Madrugada og Big Bang, men kor er alle folkan?"

For heller ikkje artistar som Ida Maria, Stage Dolls, Ingenting eller Audrey Horne klarte å trekkje meir enn rundt 1800 publikummarar til festivalen i helga.

Les også: Tidenes siste Glopperock?

- Har gått inflasjon i festivlar

Førdefestivalen, Sommarfestivalen, Norsk Countrytreff, Malakoff, Fjøsrock og Målrock er berre nokre av dei mange musikkfestivalane folk kan besøke i Sogn og Fjordane i løpet av sommaren.

Elisabet Sørfjorddal Hauge ved Agderforskning forskar på musikk og festivalar. Ho er einig med Atle Hamar i at det er for mange festivalar både i landet og i fylket. Konsekvensen blir at nokre ikkje vil overleve, seier ho.

- Det er nesten gått inflasjon i festivalar, og nokre vil nok forsvinne.

Rockweekend tek pause

En av festivalene som har slitt de siste åra, er Bremanger RockWeekend, og i år tek dei pause.

- Det blir ikkje festival i regi av rocke-klubben. Men det blir ein arrangert ein liten festival på Havly, seier tidligare styremedlem i Bremanger Rockklubb, Laila Beathe Førde.

Høyr: Festivalane må bli flinkare til å dyrke si særeigenheit

- Blir skjemde vekk

Glopperock 2008

Det var lite folk på Glopperock i år.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

I kampen om publikum kjempar dei mange festivalane rundt om i landet om å få dei same store trekkplastra på plakaten. Forskar Elisabet Sørfjorddal Hauge meiner publikum blir skjemde vekk store artistnamn, samstundes som dei får fleire mogleheiter i løpet av sesongen til å sjå dei same artistane på fleire arrangement.

Må skille seg ut

Det gjer at publikum ikkje føler at dei må komme på akkurat ein spesiell festival. For å overleve, må ein festival skilje seg ut og ha eit eige konsept, trur Sørfjorddal Hauge.

- Klarer du ikkje å tilby eit godt nok konsept, så vil du tape. Kvar by og kvar lille bygd har sin eigen festival. Det skal noko til å få nok folk til å dekke inn kostnadene.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.