Solcellefabrikk til Årdal

Ordførar Arild Ingar Lægreid og rådmann Terje Moe på staden der Norsun-fabrikken skal byggjast.
Foto: Arne Eithun/NRKSelskapet Norsun er i ferd med å etablere ein solcellefabrikk i Årdal. Norsun reknar med at dei vil sysselsetje kring 65 personar.
Publisert 15.06.2006 19:26. Oppdatert 16.06.2006 15:28.
- Skriv ut

Norsun håpar å starte produksjon i eit fabrikklokale inne på området til Hydro på Årdalstangen innan 2007. Selskapet vart oppretta ved nyttår av Alf Bjørseth. Han er gründeren som stod bak eit anna kjent selskap i Årdalssamanheng - ScanWafer.
Vender tilbake til Årdal
ScanWafer sa i fjor nei til å etablere seg i Årdal. I mellomtida har Bjørseth selt seg ut av ScanWafer og oppretta Norsun. Han vender på nytt blikket mot Årdal og millionane Årdalssamfunnet har fått i omstillingsmidlar etter at Hydro vedtok å trappe ned.
Håp om fleire arbeidsplassar
Solenergimarknaden ekspanderer lynraskt internasjonalt, det er snakk om 40 prosent auke kvart år, og sjølv om det i starten er snakk om 65 arbeidsplassar, er håpet i Årdal sterkt om at dette talet vil auke kraftig i åra som kjem.
Det står framleis att detaljar før det er 100 prosent sikkert at Norsun kjem til Årdal, men det skal ikkje vere mykje som står att. Planen er å kome i gang i november i 2007, og at arbeidsstokken skal byggjast opp i takt med nedstenginga av Å3, Søderberg-hallen til Hydro.
Intensjonsavtale
På ein pressekonferanse fredag vart det fortalt at det er skrive ein intensjonsavtale mellom Scatec som eig Norsun og Årdal Samtid og Hydro om etableringa. Eit fabrikklokale inne på området til Hydro på Årdalstangen skal rivast for å gje plass til solcellefabrikken.

Går Årdal sin veg
Og blir dette ein realitet, er det endeleg byrja å gå Årdal sin veg. I fleire år låg skyene mørke og tunge over industrisamfunnet etter at Hydro varsla at dei kom til å legge ned dei forureinande Søderbergomnane utan å erstatte dei med moderne teknologi.
Men for ein knapp månad sidan vart det endeleg klart at dørfabrikken Dooria kjem til å etablere seg i Årdal. Det vil i første omgang gi 60 arbeidsplassar. No kan dette talet bli dobla, og truleg på lengre sikt meir enn det.
Meir variert næringsliv
Med Dooria og Norsun og eventuelle andre nyetableringar som kan vere aktuelle kan Årdal om kort tid ha fleire nye arbeidsplassar enn dei som går tapt på Hydro, og kommunen får ikkje minst eit meir variert næringsliv.
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket