Hopp til innhold

Jaktrekninga ikkje klar

Rekninga for bjørnejakta i Fjærland er ikkje klar enno – men den blir dyr.

bjørn
Foto: PER LØCHEN / Scanpix

Bjørnejakta i Sogn og Fjordane vart evaluert på eit møte førre fredag. Deltakarane skulle diskutere organiseringa av framtidig jakt på storvilt som bjørn, og korleis rekninga for fellinga av bjørnen i Fjærland skal fordelast.

Arbeidsutval

– Vi kom ikkje fram til nokon konklusjon på møtet, seier fellingsleiar Finn Olav Myhren til Firda.

– Vi skal setje ned eit arbeidsutval som skal avgjere dette spørsmålet over sommaren. Arbeidsutvalet skal bli kalla inn av Fylkesmannen etter ferien, held Myhren fram.

Dyrt

Han ynskjer ikkje å gjette på kor stor rekninga for bjørnejakta vil bli, men den vil etter alt å dømme koste betydelege summar.

– Det har nok gått med om lag 1000-1500 jegertimar, i tillegg til dei timane som har gått med til administrasjon og pressekonferansar. Det er eit samansett reknestykke, fortel han.

Verande i fylket

Direktoratet for Naturforvaltning stadfestar at bjørneskinnet vert verande i fylket.

– Bjørnen blir i Sogn og Fjordane. Vi kjem ikkje til å avgjere kven som får bjørnen før i august, men vi vil leggje vekt på at flest mogleg får høve til å sjå bjørnen, seier rådgjevar Ingrid Regina Reinkind til Firda.