Bulka politibil - stakk av
Då føraren av ein bil utan skilt vart stogga av politiet, og korkje kunne vise til papir eller fortelje kva han heitte, fann han det lurt å stikke av.
Publisert 15.06.2006 15:58.
- Skriv ut
Erik Skjerdal ved Luster lennsmannskontor patruljerte gatene i Sogndal onsdag kveld, då han oppdaga ein bil utan skilt. Han følgde etter, og stogga bilen, melder firda.no.
Korkje papir eller namn
Føraren, ein mann i 20-åra frå Kaupanger, og kompanjongen i passasjersetet, ønskte ikkje å fortelje kva dei heitte, og dei hadde heller ingen papir å vise til.
- Eg ville kontrollere både bilen, og føraren, seier Skjerdal. I staden fann han ut at det var lurare å stikke av. Han sette bilen i gir, sneia inn i sida på den sivile tenestebilen og knuste ei baklykt og la på veg mot brua, held Skjerdal fram.
Vill biljakt
Politibetjent Skjerdal heiv seg etter mannen, og vart vitne til ekte villmannskøyring i Sogndal sentrum.
- Bilen køyrde på feil side av midtrabatten - i motgåande køyrefelt. Deretter drog dei i full fart over Loftesnesbrua. Fem hundre meter frå brua, på andre sida køyrde dei av vegen, og inn i ein jorddunge ved Loftesnes Hytter.
Ga seg ikkje
Bilklientellet ga seg ikkje, sjølv om bilen var godt parkert i jorddungen. Dei la på sprang. Då politibetjent Skjerdal kom til åstaden for utkøyringa, saman med ein uniformert kollega hadde fleire skodelystne Sogndølar fått godt med seg kvar personane hadde teke vegen.
Då politiet fann at mannen blæs han raudt på promilletesten, og vart sendt avstades for å ta blodprøve. Etterpå vart han teken til arrest og avhøyr. Her vedgjekk mannen å ha stole bilen i Kaupanger tidlegare.
Ei bråte med lovbrot
Føraren er ikkje ukjend for politiet, og kan etter den ville politijakta er føraren mistenkt for følgjande lovbrot:
Promillekøyring, biltjuveri, å stikke av frå politiet, skading av tenestebil, å køyre på feil side av midtrabatten, å køyre uregistrert bil, å køyre utan førarkort. Mannen har òg erkjent bruk av narkotika den siste tida.
Kor vidt onsdagens biltjuveri i Kaupanger har samanheng med andre biltjuveri i Sogn siste tida, ønskjer ikkje politiet å uttale seg om.
Passasjeren er ikkje mistenkt for biltjuveriet.
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket