Grimseth klarte målsettjinga

Stian Grimseth klarte målsetjinga i sykkelrittet Trondheim - Oslo.
Publisert 22.06.2008 12:24.
- Kommentarer
- Skriv ut
- Nett no kjennest det ut som om eg er blitt overkøyrd av ein dampvegvals både framme og bak. Eg prøvde å sove litt når eg kom i mål, men det er ilt i heile kroppen, seier Grimseth.
- Utruleg bra
Den tidlegare vektløftaren hadde ei målsettjing om å komme i mål på 20 timar. Dette greidde han akkurat.
- Det kjennest utruleg godt at vi klarte det på tjue timar. Vi jobba heile gjengen og det er kjempekjekt som gruppe at alle klarte å komme inn på tjue timar, seier han.
Sår rumpe
- Rumpa er forholdsvis sår og eg har gnagsår både her og der, seier Grimseth som fekk problem undervegs.
- Ja, det var ei eike som knakk på det eine hjulet. Det er som regel eitkvart som knekk når eg er ute og syklar. Heldigvis fekk eg eit nytt hjul frå ein lagkamerat, og han fekk mitt øydelagde. Og berre det viser litt korleis lagånda er i sykkelklubben. Dette var ein lagsiger, seier han.
Om han vil gjere dette på nytt er han usikker på.
Usikker på nytt løp
- Det er kanskje feil dag å stille det spørsmålet, men eg trur kanskje eg vil seie nei til det. Eg har hatt som målsetjing å oppleve dette for å få ein ny dimensjon av korleis ein kan oppleve dei ulike fasane i ein fysisk og ikkje minst psykisk aktivitet. Eg har fått utfordra meg og lukkast, seier han.
Grimseth plasserer gjennomføringa av Trondheim - Oslo høgt på merittlista.
- Eg har to gullmedaljar frå EM i vektløfting utstilt heime. Eg trur eg kjem til å plassere medaljen frå dette løpet saman med dei. Dette set eg høgt, seier han.
Siste: Sogn og Fjordane
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
















Har skapt sin eigen arbeidsplass
Bjarne Lerum Bilmuseum