26.05.2012

Rovdyra gjer mindre skade

Det har vore ein nedgang i skade gjort av rovdyr i Sogn og Fjordane frå 2002 til i år.

Nedgangen er på 17 prosent, og i overkant av ein million kroner er utbetalt i erstatning til husdyreigarar.

Men trass nedgangen er rovdyrskadene for mange, seier viltkonsulent hos fylkesmannen, Hermund Mjelstad.

Det er særleg i Indre Sogn at tapa er store. På grunn av mykje jerv, går halvparten av erstatningssummen i fylket til Lærdal kommune.