26.05.2012

- Det var forferdeleg

Bil hamna i Hæreidselva. (Foto: Hanne Stedje, porten.no)

Minna Strandholm i Årdal opplevde måndag eit mareritt som dei fleste av oss har vanskeleg for å setje oss inn i.

Dei to små borna hennar og eit nabobarn sat i bilen då den trilla ut i elva på Årdalstangen. Borna var i alderen eitt til fem år.

- Det var forferdeleg. Det er ikkje noko anna å seie. Eg ante ikkje kva slags retning bilen skulle ta. Eg følte meg heilt hjelpelaus, seier Minna Strandholm til NRK Sogn og Fjordane.

Såg bilen trille

Strandholm var på veg heim frå barnehagen med dei to borna sine og ei venninne av dottera. Ho skulle berre stoppe i ein butikk. Medan ho stod ved kassa og skulle betale, såg ho ein bil som byrja å trille.

- Eg såg at det var ein bil som var lik den vi har. Eitt sekund seinare skjønte eg at det var vår bil. Då var det ikkje noko anna å gjere enn å springe etter, seier Strandholm. På veg ut av butikken ser ho at også andre er på veg mot bilen som no har passert eitt tre og er på veg ut i elva.

Hoppa i elva

- Vi var flere som hoppa ut i vatnet for å komme bort til ungane og få dei ut. Eg har fått høyre i ettertid at venninna til eldstedottera mi vart tatt ut fyrst. Det er eg veldig glad for. Så vart dottera mi tatt ut. Vi måtte overtale ho, for ho ville eigentleg vere i bilen for å passe på veslebroren. Etter at dottera mi vart redda ut, vart sonen min losna frå babysetet. Vi fekk ut han i siste liten, før bilen vart full av vatn, seier Strandholm.

- Både godt og vondt

- Er det vanskeleg å gle seg over at det gjekk bra, i og med at du bebreidar deg sjølv for det som skjedde?

- Dagen etter hendinga følte eg det slik, men no har eg klart å tenkje på det positive og på kor mykje flaks vi hadde.