11.02.2012

Ikkje asylmottak i Olden

Yris hotell i Olden.

Det blir ikkje asylmottak på Yris hotell i Olden.

Motstanden var spesielt sterk, seier UDI.

- Hovudbakgrunnen er plasseringa av mottaket, tidlegare erfaringar og dei tilbakemeldingane vi har fått frå kommunen, Atle Berge, regiondirektør i Utlendingsdirektoratet Vest.

Les og: Ordførar likar ikkje støtte frå FMI

Les og: - Nei til flyktningar

Spesiell motstand

Underskriftsliste mot asylmottak. (Foto: Arne Stubhaug/NRK)

Innbyggjarar i Olden starta underskriftsaksjon mot mottaket.

Foto: Arne Stubhaug/NRK

UDI si avgjerd kom ikkje overraskande etter at kommunestyret i Stryn vedtok at dei ikkje ville ha noko nytt asylmottak i Olden. Kommunestyrevedtaket kom etter mellom anna underskriftskampanjar frå folk som meinte Olden som bygd var for lita til å ta i mot så mange asylsøkjarar.

- Vi har vel ikkje hatt noko vedtak frå eit kommunestyre tidlegare om at dei ikkje ville ha noko mottak i kommunen, seier Berge.

- Vi har opplevd motstand tidlegare, men den motstanden her har vore spesiell. Vi har forståing for dei synspunkta som kjem i forhold til plassering og tidlegare erfaringar.

Treng fleire plassar i vest

UDI Vest treng dermed framleis fleire mottaksplassar på vestlandet.

- Ideelt sett burde vi fått på plass 4-500 nye plassar i region vest som omfattar Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, seier Berge.

Sogn og Fjordane har i dag asylmottak i Sogndal, Førde og Florø.